BUDDHISMEN Flashcards
Buddhismen (18 cards)
Korleis blei buddhismen grunnlagt?
Buddhismen blei grunnlagt for over 2500 år sidan av Siddhartha Gautama, ein prins frå Nepal.
Kva er betydninga av namnet ‘Buddha’?
‘Buddha’ tyder ‘den oppvakna’.
Kva er målet med buddhismen?
Målet er å bryte syklusen av gjenfødsel og oppnå nirvana.
Kva er nirvana?
Nirvana er ei tilstand av fred og friheit frå liding.
Kva er dei fire edle sanningane?
- Det finst liding i livet (dukkha). * Lidinga kjem av begjær og tilknyting. * Det finst ein veg ut av lidinga. * Denne vegen er den åttedelte vegen.
Kva inneheld den åttedelte vegen?
- Rett forståing * Rett tanke * Rett tale * Rett handling * Rett leveveg * Rett innsats * Rett merksemd * Rett konsentrasjon
Kva betyr karma?
Karma tyder ‘handling’ og refererer til konsekvensane av gode eller dårlege handlingar.
Kva er gjenfødsel?
Gjenfødsel (reinkarnasjon) betyr at sjela eller medvitet blir fødd på nytt etter døden.
Kva er hovedretningane i buddhismen?
- Theravada * Mahayana
Kva er Theravada?
Theravada er den eldste retninga, vanleg i Sri Lanka og Sør-Aust-Asia, med fokus på munkeliv og individuell oppvakning.
Kva er Mahayana?
Mahayana er vanleg i Kina, Korea og Japan, meir open for lekfolk og legg vekt på medkjensle.
Kva er ein bodhisattva?
Ein bodhisattva er ein person som har nådd innsikt, men som vel å hjelpe andre i staden for å gå til nirvana med ein gong.
Kva gjer munkar og nonner?
Munkar og nonner lever i kloster, følgjer strenge reglar, mediterer, underviser og søker oppvakning.
Kva er vanlege buddhistiske ritual?
- Meditasjon * Bøner og chanting * Ofringar til Buddha * Feiring av heilage dagar som Vesak
Korleis spreidde buddhismen seg?
Buddhismen spreidde seg frå India til resten av Asia gjennom handel, misjonering og keisarleg støtte.
Kva er viktige område for spreiing av buddhismen?
- Sri Lanka * Sør-Aust-Asia * Kina * Korea * Japan * Tibet
Kor mange buddhistar finst det i verda?
Ca. 500–550 millionar buddhistar.
Kor mange buddhistar finst det i Noreg?
Omtrent 20 000 buddhistar.