naturfag prøve Flashcards
celle, prøve naturfag (15 cards)
Kva er ei celle?
Ei celle er den minste eininga for liv. Alle organismar er bygde opp av celler.
Kva er cellemembranen og korleis er den bygd opp?
Cellemembranen er ei tynn hinne som kontrollerer kva som slepp inn og ut av cella. Ho er bygd opp av to lag med feitt (fosfolipid) og ulike protein.
Kva er signalmolekyl og reseptorar?
Signalmolekyl er kjemiske stoff som fraktar informasjon mellom celler. Reseptorar er mottakarar på cellemembranen som bind signalmolekyla.
Kva er forskjellen på celler, vev og organ?
Celler er byggesteinane, vev er grupper av like celler, og organ er samlingar av vev som har ei bestemt oppgåve.
Du må kunne teikne ei nervecelle og sette namnet på dei ulike delane.
Teikninga må ha: cellekropp, dendrittar, akson, hjelpeceller (myelin), og aksonende.
Korleis skjer kommunikasjonen mellom nerveceller?
Elektriske signal går gjennom nervecella, og kjemiske signal blir sendt over synapsen til neste celle.
Kva oppgåve har nervecellene sine hjelpeceller?
Hjelpecellene isolerer aksonet og får signalet til å gå raskare. Dei vernar også nervecella.
Kvifor sender ikkje ei nervecelle alltid signal vidare når ho får ein impuls frå ei anna celle?
Impulsen må vere sterk nok for å nå terskelverdien. Er den for svak, blir det ikkje noko signal.
Kva er sentralnervesystemet?
Det er hjernen og ryggmargen. Det styrer og tolkar alle signal i kroppen.
Kan du namnet på dei ulike delane i CNS?
Storehjernen, veslehjernen, hjernestammen og ryggmargen.
Kva er det perifere nervesystemet?
Det består av alle nervar utanfor sentralnervesystemet. Det sender signal mellom kroppen og hjernen.
Kva er forskjellen på viljestyrte og ikkje-viljestyrte nervesignal?
Viljestyrte signal kontrollerer rørsler du bestemmer sjølv. Ikkje-viljestyrte signal styrer ting som pust og hjarteslag.
Kvifor kan du ikkje halde pusten så lenge som du vil?
Hjernestammen styrer pust automatisk. For mykje CO₂ i blodet tvingar deg til å puste.
Korleis kan du enkelt undersøkje om ein person er ramma av hjerneslag?
Be personen smile, løfte armane og seie ei enkel setning. Vanske med dette kan tyde på slag.
Har du nokre tips til korleis me kan ta vare på hjernen vår?
Sov nok, ver fysisk aktiv og et sunt. Unngå stress og bruk verneutstyr mot hovudskadar.