Vær og vindsystem Flashcards Preview

Geologi 101 > Vær og vindsystem > Flashcards

Flashcards in Vær og vindsystem Deck (13)
Loading flashcards...
1

Kva er coriolisseffekten?

Det er ein effekt som gjer at vindsystema bøyer av mot høgre ved den nordlige halvkula og mot venstre ved den sørlige halvkula.

2

Kva er grunnen til at vi har coriolisseffekten?

Denne har vi fordi jorda roterar, og dreg med seg luftmassar i rotasjonsretninga, fordi luftmassar har ein viss tregheit. (masse)

3

På kva måte bevegar luftmassar seg? (vind)

Luftmassar beveger seg frå høgtrykk til lågtrykk. Og vinden bles derfor frå eit område med høgt trykk til eit område med lågare trykk

4

Mellom kva breddegrader har vi vindbelter ?

Mellom 0 - 30 - 60 og (pol) har vi vindsystem, som er symmetriske om ekvator. Begynn med lavtrykk ved ekvator, annakvar høgtrykk lavtrykk etter dette.

5

Kva er ein værfront?

Det er der ein kald og ein varm masse med luft møtast i ein krig. Ein kaldfront er ein front der den kalde luftmassa "vinn"

6

Kva eigenskapar har kalde luftmassar ?

Kalde luftmassar er tyngre og har større tettheit enn varme luftmassar.

7

Kva skjer med den varme lufta med ein kaldfront?

Den blir måkt opp av kaldluftsplogen, og dannar cumulunimbus-skyer, som gjer at vi får kraftig nedbør og tordenvær.

8

Korleis er ein kaldfront markert på eit værkart?

Dei er markerte med ei blå linje med trekantar i den retninga fronten går.

9

Kva skjer med den kalde lufta ved ein varmfront?

Den blir pressa vekk i retninga varmfronten går. Ikkje som ein vegg, men meir som ein lang bakke/vinkel.

10

Kva skyer får vi ved ein varmfront?

Vi får lange og snille skyer, som er spredd over eit stort område. Mykje snillare værtypar enn ved ein kaldfront.

11

Korleis kan vi sjå ein varmfront på eit værkart?

Ein slik front er markert med ei rød linje med halvsirklar peikande i retninga fronten går.

12

Kva skjer med luftmassar ved eit lavtrykk?

Lufta stig, ekspanderar, blir kald, slik at vanndamp kondenserar, dannar skyer, slik at vi kan få regn. Og drittvær
(lufta bevegar seg mot eit lavtrykk i eit sirkulært mønster, og stig i ei kjegle)

13

Kva skjer med luftmassar ved eit høgtrykk

Luftmassane bevegar seg ned, (varm luft) Blir komprimert, det blir varmare og vi får fordamping.