Bretypar Flashcards Preview

Kvartærgeologi > Bretypar > Flashcards

Flashcards in Bretypar Deck (13)
Loading flashcards...
1

På kva måtar kan ein klassifisere brear?

Med utgangspunkt i breens morfologi (form) eller breens fysiske eigenskapar.

2

Kva typar brear har vi ? (hint, 9 stk)

Innlandsis.
Platåbre.
Utløpsbre.
Dalbre.
Botnbre.
Spitsbergenbre.
Hengebre/dalsidebre.
Fjellfotbre.
Steinbre.

3

Kva kjenneteiknar ein bre av innlandsis typen?

Dekkar eit stort område, og størsteparten har ein så betydelig tjukkelse at undergrunnens topografi ikkje blir gjenspegla på breoverflata (eksempel er, aust antarktis og grønland.)

4

Kva kjenneteiknar ein platåbre?

Ein bre som dekkar eit større fjellområde og kan ha brearmar som strekker seg ned i dalane (norske eksempel: jostedalsbreen og hardangerjøkulen)

5

Kva kjenneteiknar ein utløpsbre?

Breen drenar ein platåbre og har vanlegvis dalbreform. Akkumulajsonsområdet kan i midlertid være vanskelig å avgrense.

6

Kva kjenneteiknar ein dalbre?

Heile breen ligg i ein dal, er smal og langstrakt, og kjem ikkje frå ein platåbre (eksempel er brear i alpane, himalaya og jotunheimen)

7

Kva kjenneteiknar ein botnbre?

brren ligg i ein typisk botn og når ikkje utover denne ( norske eksempel er brear i sunnmørsalpane og i jotunheimen)

8

Kva kjenneteiknar ein bre av spitsbergentypen?

Er eit system av dalbrear som heng saman, og med oppstikkande fjelltoppar (nunataker) eksempel er brear på Spitsbergen og jostedalsbreen nord for lodalskpa.

9

Kva kjenneteiknar ein hengebre eller dalsidebre?

Dette er brear som heng som flak i ei bratt dalside uten større forsenkingar og botnar (eksempel: nokon brear i jotunheimen, for eksempel bre under seindalsnosa om ein ser frå Sognefjellsveien i retning Fanaråken).

10

Kva kjenneteiknar fjellfotbre?

Denne bretypen er vanlig i arktiske kyststrøk, eksempel Malaspinabreen i Alaska.

11

Kva kjenneteiknar isbrem?

Ice shelf, dette er flytande delar av innlandsis.

12

Kva kjenneteiknar steinbre?

Den mest benytta definisjonen av ein steinbre er at det er eiin breforma masse av blokker og mindre konstrørrlesar der mellomromma er fyllt av sis og snø. Bevegelseshastigheita er som regel mykje mindre her enn i ein vanlig bre.

13

På kva måtar kan ein dele inn brear etter dens fysiske eigenskapar?

Polar bre. Der heile breens masse har temperatur under trykksmeltepunktet
Subpolar bre: Der temperatruren i bremassen er både under og på trykksmeltepunktet.
Temperert bre: Der størsteparten av bremassen er om sommaren på trykksmeptepunktet. vis figur.