Istider og klimavariasjonar Flashcards Preview

Kvartærgeologi > Istider og klimavariasjonar > Flashcards

Flashcards in Istider og klimavariasjonar Deck (21)
Loading flashcards...
1
Q

Kor mange istidsperioder har der vore før kvartær?

A

5 lengre istidsperiodar.

2
Q

Kva er det som karakteriserar perioden kvartær?

A

Perioden er karakterisert av korte og hyppige klimasvingingar. Og kan derfor seiast å være ein periode med morfologisk og økologisk instabilitet.

3
Q

Kva er glasialer?

A

Det er periodar med isbretilvekst.

4
Q

Kva er interglasialer?

A

Det er periodar mellom glasialer, då isbreane smeltar vekk. Slik som vi er inne i no.

5
Q

Kva typar sedimenter er det som egnar seg best som kjelde til klimaforsking tilbake i tid?

A

Det er marine sedimenter. Her kan ein måle oksygenisotopforholdet i foraminiferaskal.

6
Q

Kva er det forholdet mellom O16 og O18 isotopar i foraminiferaskal fortel oss om?

A

Det fortel oss i stor grad om det er kaldt nok til at det blir danna isdekker (tilbake i tid). Fordi dersom det er mykje isdannelse vil det være mindre O16 i havet og vice versa.

7
Q

Kor mange oksygenisotopstadier har det vore i kvartær ?

A

104 stadier.

8
Q

Korleis har brutviklinga vore i Norge i perioden etter siste istid?

A

Lokale brear har variert betydelig i størrelse. Første halvdel av holocene (perioden vi er inne i no, underperiode av kvartær) var generelt dominert av eit varmt klima, med temperaturar omtrent 1-2 grader høgare enn i dag. Mange av breane var derfor i ein tilbaketrukken posisjon eller heilt vekke. Frå ca 5000 år sida og spesiellt etter 3800 år før notid blei klimaet kjøligare og breane rykka fram igjen. Dei fleste hadde sin største utbredelse i holocene under den lille istid som varte frå 1600 til 1920.

9
Q

Kortid begynte ein med iskjernestudier?

A

Dette starta ein med tidlig på 1960 talet.

10
Q

Kvar på isdekket er det best å ta kjerneprøver?

A

Isen er best bevart, på grunn av at det er minst bevegelse, midt på innlandsisen. figur

11
Q

Kva er fordelen med å analysere iskjerner?

A

Dei gjev god opplysing i åra tilbake i tid, ein kan gå heile 800 000 år tilbake i tid i analysen.

12
Q

Kva kan ein sjå ut ifrå iskjerner?

A

Forholdet av klimagassar i atmosfæra, og korleis dei har variert siste 800 000 år. For eksempel konsentrasjon av co2.

13
Q

Kva er det som gjer at gass blir lagra i is?

A

Porane i is blir lukka når dei er på ca 90 meter eller når isen sin tettheit er på 0.8. (varierar nok litt frå isdekke til isdekke)

14
Q

Korleis bestemme alderen på islag i ei kjerne?

A

Ein tel årslaga, og eller korrelerar isen med spor etter kjente vulkanutbrot.

15
Q

Kva er hovedproblemet med isprøver på antarktis?

A

Det er lav nedbørsmengde, og derfor lav akkumulasjon og dårlig oppløsning på data.

16
Q

Kva type temperatursvingingar har ein klart å lese frå kjernedata frå grønlandsisen?

A

Det har blitt påvist svingingar på 8-9 grader over ein periode på eit par tiår. (Går ein tilbake over 100 000 år).

17
Q

Har vi mykje kunnskap om naturens naturlige reguleing om co2, og kvifor er dette viktig å vite?

A

Det har vi ikkje, det er viktig å ha kjennskap til dette når ein skal predikere klimaet fram i tid.

18
Q

Kva tre spesielt viktige iskjerner har vi ?

A
  • Vostok iskjerna på antarktis.
  • Epica DOME -c
  • NorthGRIP
19
Q

Kva kjenneteiknar Vostok iskjerna?

A

Den lengstre iskjerna som nokon gong er bora, nådde eit djup på 3623 meter.
Gjev oss data tilbake 420 000 år. Forskjell mellom høgaste og lavaste temperatur på antarktis har variert 12 grader. Ser distinkt samanheng mellom temperatur og karbondioksid og metan.

20
Q

Kva viser EPICA dome-c kjerna?

A

Iskjernedata frå denne kjerna viser klimautviklinga og innhaldet av drivhusgassar gjennom åtte glasiale syklusar i løpet av dei siste 740 000 åra. Var bora på antarktis.
Viser at klimasyklusane før 400 000 år sidan skiller seg frå dei som kjem seinare. Mellomistidene hadde ein mykje lavare amplitude, men syklusane varte lenger før 450 000 år sidan.

21
Q

Kva er den eldste isen som nokon gong er tatt prøver av?

A

Japanske forskarar har tatt prøver av is som er 800 000 år gammal.