Glasial erosjon Flashcards Preview

Kvartærgeologi > Glasial erosjon > Flashcards

Flashcards in Glasial erosjon Deck (10)
Loading flashcards...
1

Kva to prosessar består glasial erosjon av?

Det består av abrasjon og plukking.

2

Korleis blir isskuringstriper danna?

Det blir danna ved at det under abrasjonsprosessen blir transportert fragment i/under isbreen som skurer mot fast fjell.

3

Korleis kan isbrear polere overflata den passerar?

Ved at finare sediment i breens sole sit fast i breen og polerar overflata til underlaget som eit sandparpir.

4

Kva tyder kryssande isskuringstriper på?

Det tyder på at isbevegelsen har endra seg over tid. (Fleire glasiale framrykk) eller endring av retning i ein glasial.

5

Korleis kan ein måle kva veg isen har bevegd seg?

Ein måler støt og lesider, rundsva og bruddmerker

6

Kva er eit sigdbrudd og korleis forklarar ein dette?

Eit sigdbrudd er eit bueforma brudd som går framover ned i berget. Det blir danna der breen trykker ein stein mot eit punkt på fjelloverflata. Trykket vil fordele seg i den øvre delen av berget slik at det blir danna bruddmerker. Parabelriss blir danna i samband med sigdbrudd.

7

Kva er parabelriss?

Blir danna som følgje av strekkspenningar bak trykkpunktet som oppstår i forbindelse med danninga av eit sigdbrudd. Dette er parabelforma, og er synleg på overflata.

8

Ein bre møter ein oppstikkande topografisk struktur. ( 20 meter lang og 5 meter høg) kvar skjer skuring og kvar skjer plukking?

Skuring på losida (støtsida), og plukking på lesida.

9

Kva er plastiske former?

Isskuringstripene er avbøgd frå hovedskuringsretinga. Og det kan sjå ut som isen har vore plastisk. (litt vanskelig å forstå), gjerne forklare med figur.

10

Korleis er dei fleste jettegryter danna?

Dei er danna under breen mot slutten av siste istid, ved at smeltevatnet satte stein og grus i roterande bevegelse.