Glasiale avsettingar og rekonstruksjon av brear Flashcards Preview

Kvartærgeologi > Glasiale avsettingar og rekonstruksjon av brear > Flashcards

Flashcards in Glasiale avsettingar og rekonstruksjon av brear Deck (26)
Loading flashcards...
1

Kvar langs breen blir det avsatt materiale? (i forhold til likevektslinja)

På grunn av breen sitt bevegelsesmønster, vil nesten all avsetting skje under likevektslinja.

2

Kva to hovedtypar av glasiale avsettingar har vi ?

Det som direkte er avsatt av brear (morenemateriale) og det som er avsatt av breelver.

3

Korleis blir morenematerialet danna?

Det blir danna ved at breen skurer, sliper og plukkar laus materiale frå fast fjell eller frå lausmassar, og flyttar så avsetter dette.

4

Kvar blir mesteparten av det bretransporterte materialet transportet ( i breen )

Det meste blir transportert i bresolen.

5

Kva er bunnmorene og kva typar bunnmorene har vi ?

Bunnmorene er materiale som har blitt transportert og avsatt i bresolen.
Vi har typane:
Påklistringsmorene (lodgement till)
Basal utsmeltingsmorene
Deformasjonsmorene

6

Korleis kan ein skille dei tre forskjellige typane bunnmorene frå kvarandre ?

Då må ein gjere detaljstudier av morenematerialet sin tekstur og struktur, samt også fabric. Samt analyse av finsfoffinnholdet.

7

Korleis blir midtmorener danna?

To brear går saman. Materialet på breane sine møtande sider, som ellers ville danna randmorener, går saman og dannar midtmorene. Dette materiale kan isolere slik at issmeltinga blir høgare på sidene.

8

Kva er stripet bunnmorene, og korleis blir dette danna?

Stein som er fastfrosse på breens underside fungerar som ein plog i bunnmorena. Og dannar lange fordjupingar i avsettingane. Det kan også bli danna ved at det blir avsatt i hulrom bak strørre blokker under breen.

9

Kva er craig and tail og korleis blir det danna?

Her er det lurt å vise til figur.

10

Kva er drumliner?

Dette er lange strømlinjeforma ryggar av lausmassar som i hovedsak består av morenemateriale. Høgda varierar frå nokre titals meter til 30-40 meter. Lengda er frå nokre få tiltals meter til nokre km. Orienteringa til drumliner er vanligvis samanfallande med retninga på isbevegelsen under avsettingar. Drumliner kan gjerne opptre i svermar, og nokon av dei kan innehalde ei kjerne av fast fjell.

11

Kva er ablasjonsmorene?

Det framstår som ei haugete og uryddig overflate, som blir danna når breen blir dynamisk inaktiv. Ein finn det gjerne oppå bunnmorene. Finare partiklar av leire og silt er vanligvis vaska vekk. Det er vanligvis lausare pakka enn botnmorena som den ofte er avsatt oppå.

12

Kva to typar ablkasjonsmorene er det?

Flytemorene - dette er materiale som har sklidd ned frå breen og er typisk ved brefronten.
Ablasjons utsmeltingsmorene - Danna der det er utsmelting under breen.

13

Kva er rogenmorener?

Det er langstrekte uregelmessige ryggar, orientert på tvers av isbevegelsen. Det er fleire hypoteser for danninga av desse.

14

Kva er De Geer morener?

Dette er separate, smale og markerte ryggar, som har varierande lengde og form. Dei er danna subglasialt på tvers av isbevegelsen og blir vanligvis danna bak brefrontar som kalvar i havet eller i innsjøar. Ein kan sjå linser av lagdelte vannavnsette sedimenter i ryggane.

15

Kva er randmorener?

Dette er ryggar av morenemateriale som blei skjøve opp framfor brefronten då breen rykkar fram eller hadde eit opphold i tilbaketrekkinga.

16

Kva to typar randmorener har vi ?

Sidemorene og endemorene

17

Kva er pushmorene?

Det er ein spesiell type endemorene, som blir danna av at breen rykkar framover som ein bulldoser, gjerne over tidligare avsatte proglasiale avsettingar.

18

Kva er årsmorener?

Dei blir danna der breen rykker fram i vinterhalvåret og trekk seg tilbake i sommarhalvåret.

19

Kva er det lagdelinga i breelvasatt materiale skuldast?

Dette er pga endringar i elva sin vannføring/kompetanse.

20

Kva er eit breelvdelta?

Dette er terrasser med nesten horisontal overflate som er bøygd opp til vannoverflata i bredemte sjøar eller i havet framfor brefronten. Underst i breelvdelta finn ein botnlag som så går over i skrålag med fall utover frå breen, med eit topplag øverst. Vis figur.

21

Kva er isranddelta?

Dette er ein breelvasdetting der isfronten har loge inn til proksimalsida av deltaet.

22

Kva er ein randås?

Det er ein israndavsetting som avsettes i vatn framfor breen, men som ikkje byggast opp til over vannoverflata. Dersom den bygger seg opp over vannoverflata, kallast det ein?

23

Kva er eskere?

.

24

Kva er slukåser?

.

25

Kva er kames?

.

26

Korleis berekne likevektslinja?

.